Me vil at norsk oppdrettsnæring skal fortsette å utvikle seg, og meiner derfor at me har eit ansvar for å ta vare på havet me bur med, jobbar med og driver vår produksjon i. Dette gjer at me vil arbeide kontinuerlig for at ein skal drive på den mest miljøvennlige måten ein kan. Dette innebærer investeringar og utvikling av ny teknologi, der me gjerne vil vere med å bidra.
Troland Lakseoppdrett har fokus på bærekraft, og gjer fleire tiltak for at produksjonen skal drivast med minst mogleg fotavtrykk i naturen. Gjennom vårt samarbeid innad i Salmon Group blir det no jobba aktivt inn mot at ein skal ha kontroll på kor ein står når det gjeld bærekraft, der ein har prosjekter som går direkte inn mot begrepet, og kva det betyr for lakseoppdrett. Troland Lakseoppdrett vil vera med å belyse kva påverknad ein har på det eksterne miljøet, og jobbe aktivt for at ein skal ha eit bevisst forhold til korleis ein påverkar sine omgivnadar. Når det gjeld bærekraft har me òg store krav til leverandørane våre, både når det gjeld fòr, utstyr og anna. Ved å ha eit felles fokus på bærekraft, kan ein finne nye og betre måtar å gjennomføre produksjonen av sunn, norsk laks på.
Miljø og bærekraft heng tett saman, og påverkar dermed kvarandre. Fokuset me har på bærekraft gjer at miljøfokuset er naturleg for oss. Ved å ha minst mogleg påverknad på miljøet me driv i, kan me fortsette å vekse og utvikle oss. Ved å halde lusenivåa låge, eit stort fokus på å hindre rømming samt stadige forbetringar på både fòr og utstyr, gjer dette at Troland Lakseoppdrett meiner at den framtidige driftsformen innanfor lakseoppdrett framleis vil skje i åpent hav. Itillegg til dette har me eit fokus på at alt avfall skal bli sortert og brakt til land, samt at me støttar strandryddedagen med både arbeidskraft og utstyr. Me driv òg aktiv opprydding i havet på dagleg basis når me får auge på ting som ikkje høyrer til i havet. Eit reint hav er blant dei viktigaste faktorane som må vere på plass for at ein framleis skal kunne drive verdiskaping langs kysten. For å minske CO2-utsleppa våre vil me mellom anna installere batteripakkar på lokalitetane våre.
Me er opptatt av at lokalsamfunna og staten skal få igjen for at me driver næringsverksemd. Me er derfor veldig glad for å både bidra med skatteinntekter, samt at kommunane får igjen gjennom Havbruksfondet. Oppdrettsnæringa har blitt ei særs viktig kystnæring, og er med på å halde liv i kommunar langs kysten. Dette håpar me kan fortsette, Troland Lakseoppdrett vil ta sitt ansvar for å vere med på å skape gode, trygge arbeidsplassar langs kysten, samt vere med på å skape aktivitet og positivitet i lokalsamfunna. Gode resultat, både biologisk og økonomisk, skal vere med på å skape positive synergiar for lokalsamfunna langs kysten.
Lik gjerne Facebooksida vår, her vil me publisere oftere kva me gjer på i bedrifta.
© Copyright. All Rights Reserved.