Med nesten 40 års drift og erfaring i næringa, vil Troland Lakseoppdrett vere ei tydelig stemme for korleis vegen vidare i havbruksnæringa skal sjå ut. Ei bærekraftig produksjon i våre naturlege omgivnadar kan vere ein del av løysinga i FN sine bærekraftsmål, og dette vil Troland Lakseoppdrett tilstrebe at skal bli en realitet.
Troland Lakseoppdrett er bevisst på sitt samfunnsansvar, både ovenfor lokalsamfunn og miljøet me driver produksjon i. Ei bevissthet på korleis ein kan ha minst mogleg fotavtrykk i naturen etter produksjonen vår er viktig for oss. Innanfor dette arbeidet inngår null rømning, gode miljøundersøkingar under anlegga våre og minst mogleg utslepp av både plast og CO2.
I Troland Lakseoppdrett trur me på at samarbeid kan vere med på å løyse utfordringane i havbrukssnæringa. Me er mellom anna medlem av nettverket Salmon Group, som er eit nettverk beståande av små og mellomstore oppdrettarar i Noreg.
Me har tru på å bruke lokale leverandørar så lenge dette er mogleg. Dersom me ikkje får brukt lokale, er målet å bruke norske leverandørar. Dette innebærer alt frå fòr, smolt eller anna utstyr som er nødvendig i produksjonen.
Lik gjerne Facebooksida vår, her vil me publisere oftere kva me gjer på i bedrifta.
© Copyright. All Rights Reserved.