Om Oss

Om oss

Troland Lakseoppdrett AS

 

Troland Lakseoppdrett vart stifta 1979 av Mons Anton Troland, Marta Aud Troland og Mons Eivind Troland. Ole Morten Troland kjøpte seg inn i 1984, og det er desse fire som var med på å byggje opp selskapet slik det er idag. Gjennom alle desse åra med drift har selskapet tilegna seg stor kompetanse og engasjement for næringa, noko som har bidratt til at ein dei siste åra har levert gode resultat, både med hensyn til fiskevelferd og resten av drifta.


Troland Lakseoppdrett har to matfiskkonsesjonar, og driver desse frå sitt hovudkontor på Austevollshella i Austevoll Kommune. Selskapet har sju faste ansette i drifta av konsesjonane, med ein del lokal ungdom som jobbar som helge- og ferievikarar


Troland Lakseoppdrett jobbar kvar dag for å vere med på å byggje oppdrettsnæringa vidare på ein god måte. Dette har vore viktig for bedrifta sidan oppstarten for 40 år sidan. Familiebedrifta har tette band til fiskerinæringa, og synes det er viktig at dei ulike havnæringane kan leve ved sidan av kvarandre, der ein ivaretar alle dei ulike interessane som er representert langs kysten.


Troland Lakseoppdrett har vore lokalisert i Austevoll Kommune i Hordaland (PO3) med alle sine lokalitetar, men vil i 2019 setje ut laks i Sogn og Fjordane (PO4).

Me har tru på at god fiskevelferd er med på å gje det beste produktet i markedet. Nærhet til produktet me produserar er viktig for oss, og gjer gode rammer for å ta dei riktige beslutningane for fisken og selskapet.

Sosiale Medier

 

Lik gjerne Facebooksida vår, her vil me publisere oftere kva me gjer på i bedrifta.

Kontakt oss

Austevollshella, Austevoll Kommune

5384, Torangsvåg

© Copyright. All Rights Reserved.